Mandat for Personvernkommisjonen

1. Innleiing

Personvern kan verte definert på ulike vis. Sentralt i omgrepet står at kvart einskilt menneske er ukrenkjeleg og har krav på respekt frå andre menneske, for eigen integritet og for fred i sitt privatliv. Personvern er såleis nært knytt til einskildindividet sitt høve til privatliv, sjølvråderett (autonomi) og sjølvutfalding. Retten til privatliv følgjer mellom anna av den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 8, og står sentralt i EU sitt personverndirektiv (95/46 EF).

Som andre grunnleggjande rettar må retten til privatliv og vernet til den einskilde sin integritet vegast opp mot andre sentrale rettar og verdiar. Retten til å hegne om personopplysningar kan til dømes komme i konflikt med retten til frie ytringar eller med samfunnet sin trong for vern mot kriminelle handlingar.

2. Utfordringar for personvernet

Eit trekk ved samfunnsutviklinga er ei stadig aukande registrering og bruk av person­opplysningar innafor alle sektorar, offentleg/privat og nasjonalt/internasjonalt. Den tekniske, administrative og økonomiske utviklinga fører i seg sjølv til auka innsamling, lagring og samankopling av informasjon. Stadig fleire daglege handlingar etterlet seg registrerte og logga elektroniske spor. Dette reiser mellom anna spørsmål om korleis ein skal sikre at det i visse samanhangar framleis skal vere mogleg for den einskilde å opptre anonymt. Det er òg ei utvikling i retning av meir utveksling av personopplysningar på tvers av landegrenser. Det har ført til ei rad med samarbeidsavtalar mellom land om utveksling av personopplysningar. Opplysningar som vert publiserte på Internett i eit land vert samstundes publiserte internasjonalt.

I St.meld. nr.17 har regjeringa peikt på den sårbare stillinga personvernet har i møte med den teknologiske utviklinga, der mange kryssande omsyn og verdiar gjer seg gjeldande. Personvernet er sårbart mellom anna fordi det lett kan verte bytta bort i økonomiske eller praktiske føremoner for den som til dømes ønskjer å ta i bruk ei ny teneste, tilsynelatande utan ei grundig vurdering av at det aukar registreringa av personopplysningar og av kva for utfordringar dette kan ha for personvernet.

Ny teknologi har vorte tilgjengeleg for privatpersonar som òg kan nytte desse til å overvake andre. Folk sin tilgang til Internett, mobiltelefoni med kamera mv. fører til at personvernet også vert utfordra av naboar og vener.

Meir bruk av ny teknologi kan såleis utfordre personvernet. På den andre sida kan ny teknologi vere med på å styrkje personvernet, mellom anna ved å gjere det enklare for den einskilde å få innsyn i kva for opplysningar som finst om ein, og til å gjere samfunnet meir ope. Teknologien kan òg på andre vis innrettast og brukast slik at han styrker personvernet.

Ut frå eigne erfaringar, kunnskapar og opplevingar, vil kvar og ein ha ulik oppfatning av kor viktig det er å ta vare på personvernet i einskilde saker. Undersøkingar[1] syner at folk gjennomgåande ser på personvern som eit viktig gode, men at dei til dels har dårlege formelle kunnskapar om reglar som varetek personvernet. Det same gjeld verksemder: Forholdet mellom krav i lov og formell etterleving er ikkje heilt som lova føreset, sjølv om verksemdene meiner det er viktig å ta vare på personvernet.

Internasjonalt bindande reglar og europeisk og norsk personvernlovgiving har særleg merksemd på den einskilde sin sjølvråderett over eigne personopplysningar. I kva grad det er samfunnet eller det einskilde individet som skal ta avgjerda om korleis personopplysningar skal nyttast, er eit viktig prinsipielt spørsmål. Eit anna sentralt spørsmål er korleis samfunnet kan legge til rette for at den einskilde betre kan hegne om sitt eige personvern.

Mange utfordringar for personvernet er sektorovergripande, andre gjeld særskilt for enkelte sektorar.

Helsesektoren er eit av fleire område der personvernutfordringane er mange og vanskelege. Opplysningar om helse og sosiale omstende er rekna mellom dei mest private og sensitive opplysningane i samfunnet vårt. Samstundes er det i pasienten si interesse at legar og helseinstitusjonar har tilstrekkeleg informasjon. Helseforsking er eit anna tema som syner dilemma mellom trongen til å skjerme individet og samstundes kunne utvikle betre kunnskap og nye behandlingar.

Innafor samferdselssektoren er det personvernutfordringar knytte til m.a. lagring av trafikkinformasjon (tele, internett m.v.), system for betaling som krev registrering av rørsler (elektroniske system for betaling i vegtransport, elektronisk billettering i kollektivtrafikk) tryggleik, (automatisk trafikk-kontroll, kameraovervaking i kollektive transportmedel) og ny kjøretøyteknologi (system som syner posisjonering, “e-safety” m.v.).

I arbeidslivet generelt er det ein diskusjon for og mot aukande kontrollverksemd overfor eigne tilsette gjennom til dømes e-post/mobil og kameraovervaking, biometri og GPS.

Barn og unge er ivrige i bruken av nye elektroniske kommunikasjonsformar, t.d. SMS/MMS “chatting”, “YouTube”. Unge er difor oftast i forkant i utviklinga av nye tenester og nye måtar å nytte teknologi på. Ein bør difor óg ha særkild merksemd mot denne gruppa.

Media vil i mange høve søke å setje saman og presentere personopplysningar som dei sankar inn frå ulike kjelder. Sjølv om ein held utafor det som skjer ved hjelp av ulovlege metodar, syner dette at det er viktig å vurdere kor sterkt personvernet bør stå seg mot medias adgang til lovlege opplysingar om den einskilte.

Løysingane på personvernutfordringane må òg balanserast mot andre omsyn, som omsynet til innovasjon og utvikling i næringslivet.

3. Oppdraget

Kommisjonen skal på denne bakgrunn:

Regjeringa ønskjer ei heilskapleg vurdering av korleis personvernet til den einskilde kan verte teke vare på som ein del av den vidare samfunnsutviklinga. Regjeringa meiner òg det er naudsynt å vurdere og å leggje til rette for utvikling av personvernfremjande teknologi. Slik teknologi vil kunne sikre at personvernet blir ein integrert del av nye løysingar, samstundes som slik teknologi kan gjere det enklare for folk å ta vare på rettane sine.

Regjeringa ønskjer eit auka engasjement, ein brei debatt og ei utgreiing av utfordringane vi står framfor med omsyn til personvernet. Kommisjonen skal difor innrette verksemda si slik at den stimulerer til debatt ved å setje personvern­spørsmål på dagsordenen, og på den måten bidra til auka merksemd om personvern generelt i befolkninga.

Kommisjonen står fritt til å ta opp alle omstende han meiner er relevante for vurderinga av personvernet. Kommisjonen skal likevel ikkje fremje konkrete lovforslag eller ta stilling til konkrete spørsmål om lovgiving som fell inn under det pågåande arbeidet med etterkontroll av personopplysningslova i regi av Justisdepartementet.

Kommisjonen kan levere ei eller fleire (del-)utgreiingar.

Kommisjonen må gjere greie for konsekvensane av dei forslaga som vert fremja, irekna dei økonomiske og administrative konsekvensane.

Kommisjonen skal rapportere til Fornyings- og administrasjonsdepartementet innan 15. desember 2008.

4. Organisering

Til rådvelde for kommisjonen vert det oppretta eit sjølvstendig sekretariat, uavhengig av departementet, med ein leiar og 2 sakshandsamarar knytt til universitetet i Oslo med ekspertar på personvernjus og teknologi. Utgiftene skal dekkast over FAD sitt budsjett.


 

[1] Undersøking gjort av Transportøkonomisk institutt i 2005 på oppdrag av dåverande Moderniserings­departementet og Datatilsynet.

Kontakt | Personvernerklæring | Ansvarsfraskrivelse | Opphavsrett