| ASKOs lynsjakkside | ASKOs heimeside |

Lynsjakk i ASKO

Sidan februar 1994 har alle "seriøse" lynsjakkturneringar i klubben vorte rata. Ratingsystemet var meint å vere identisk med NSFs system, med eitt vesentleg unnatak. Spelarar med (rimeleg fersk) norsk ELO gjekk inn i LELO-systemet (LELO = Lyn-ELO) med ELOen frå vanleg sjakk som utgangspunkt. Dette var ein grei måte å løyse "start-LELO"-problemet på, men heller ikkje meir. I tillegg har systemet slik det har vore til no også hatt eit par andre lett uheldige sider.

1) Ein konsekvens av ELO-utgangspunktet, er at LELOen i for stor grad har vore farga av spelaren sin ELO. Ideen med LELO-systemet er å avspegle lynsjakkferdigheiter, ikkje langsjakkferdigheiter.

2) I NSFs system vert ein spelar rekna som uetablert inntil han/ho har oppnådd 30 rata parti. Før ein spelar vert etablert nyttar ein andre og meir drastiske formlar for å rekne ut ratingen. Ideen bak er vel todelt: ein ønskjer at spelaren så raskt som råd skal få eit ratingtal som avspeglar spelestyrken samstundes som ein unngår at den første rata turneringa får for mykje å seie. Medan det normalt tek ei stund for ein spelar å spele dei første 30 turneringspartia i vanleg sjakk, treng det ikkje vere snakk om meir enn to kveldar med lynsjakk før grensa på 30 parti vert nådd.

3) Eit typisk lynsjakkfelt i klubben er veldig ujamnt. Det er kanskje to-tre sterke spelarar i toppen, deretter kjem ingen og så kjem røkla. Pga. 350-poengs regelen får dermed til dømes Trond litt for godt betalt for å slå 1200-spelarar. (Dersom Trond har 2200 i rating, vert ein 1200-spelar likevel rekna som 1850 når han møter Trond.) Konsekvensen av dette igjen er at ratingen til Trond forsvinn mot himmelen, og det kan vi ikkje ha noko av.

For å bøte på problema over, har eg no laga eit perl-script som reknar LELOen for alle turneringane på nytt.

1) har eg forsøkt å løyse ved å definere gjennomsnittsmotstanden til kvar spelar i den første turneringa til 1700 (valt for at ratingen skal likne nokolunde på ELOen - men dette er sjølvsagt ikkje noko krav). Når nye spelarar seinare kjem til, får dei nye rekna ut eit ratinganslag på bakgrunn av ratingsnittet og uttellinga (scoren) til spelarane med rating. Ratinganslaga og ratingen til dei som hadde rating frå før vert så brukt i ein beregningssyklus der dei nye får korrigert sin rating inntil ratingen stabiliserer seg.

2) Grensa for å verte rekna som etablert har eg på noko ad-hoc maner sett til 50 parti. Dette ser ut til å bøte tilstrekkeleg på problemet. Aukar ein grensa meir, oppnår ein faktisk det motsette av intensjonen, noko ein kan sjå av å studere formlane. (Den gamle ratingen får for stor vekt i forhold til det siste turneringsresultatet når ein har spelt mange parti frå før.)

Løysinga på 3) er for så vidt grei nok: På same måten som spelarar som har hatt over 2300 i ELO får ein lavare K i norske turneringar, har eg i det nye systemet gjort det mogleg å legge inn ei liknande grense. For tida gjer eg det slik at spelarar som har (ikkje har hatt) over 2100 i LELO får halvert koeffisienten (K=10 mot normalt K=20) ved utrekninga. Dette staggar i alle fall Trond ei stund :-)

NB: Frå og med januar 2000 gjekk eg bort frå opplegget med redusert K, med tilbakeverkande kraft. Med andre ord er alle lynsjakkparti i systemet rekna ut med same K, nemleg 20.

Hans Arild :-)


| ASKOs lynsjakkside | ASKOs heimeside |
Oppdatert 30/6-00 av Hans Arild Runde